Nuten Film

Geopoeticon

«Geopoeticon» er eit kunstprosjekt der ein lagar poesifilm med samtidslyrikk frå mange land og verdsdelar. Desse kortfilmane kan presenterast i kinosalar,-og på internet gjennom ei webside, der publikum kan gjera valg i ulike retningar etter tema, geografi, forfattar osv. Hovudspråket i prosjektet skal vera engelsk, men alle dikt vil og bli presenterte på originalspråket. «Geopoeticon» søkjer eit uttrykk som kan utfordra til leikande utforsking av ord og bilde på tvers av språklege, politiske eller geografiske grenser, gjennom bruk av film og samtidslyrikk.

Vi har opplevd stor etterspørsel av dei ferdigproduserte filmane i Geopoeticon-prosjektet; Dei er hittil viste på festivalar i Colombia, India, Belgia, Italia, Tyskland, Frankrike og Norge.

Produksjonsår
2012-2019

Finansiering
Kulturrådet
Fritt ord
Filmkraft Rogaland

Neste Innlegg

Forrige Innlegg

© 2018 Nuten Film