Nuten Film

Forteljingar om mot

Mellom oss lever det menneske som måtte flykta på grunn av orda sine.

Kva gjorde dei til ein trussel for makta?

Korleis blir noko så viktig at ein set sitt eige liv i fare?

Forteljingar om mot handlar om fire menneske som med pennen og frie ytringar har kjempa hardt for det dei trur på, fire menneske som ber med seg historier om det å leve og overleve. Trass i truslar, terror og tortur, har dei halde fram med å tala mot overgrep og sensur.

Historiene deira er ulike, men noko er likt. Dei har alle vore redde – men har likevel handla. Forteljingar om mot inviterer publikum med inn i møte med desse fire personane og det dei framleis brenn for.

Korleis er det å koma til land med demokrati og ytringsfridom, – når ein har ytra seg og sett livet på spel?

Har dei no reell ytringsfridom?

Har vi?

Produksjonsår
2018

Finansiering
Vestnorsk Filmsenter
Filmkraft Rogaland
Fritt ord
Kulturrådet
Fond for lyd & bilde
Film Story AS
Månebakken AS

Neste Innlegg

Forrige Innlegg

© 2018 Nuten Film